SØRSIDA

Tlf: 45 28 70 31 Turtlf: 93 28 72 96 Sørsida har 9 barn i alderen 0-3 år, med god fordeling både i kjønn og alder.

Omsorg for enkeltbarnet sine behov er viktig hjå oss,-sjå den enkelte, nærhet og kos,stell, mat og kvile. Vi legg vekt på gode og trygge relasjonar mellom barn og voksne,- som etterkvart og gjennspeglar seg i godt samspel borna imellom.

Leiken har ein stor plass på avdelinga vår. Oftast frileik og utfrå barna sine eigne ynskjer, men og organisert leik i aldersinndelte grupper der vi voksne er ein viktig ressurs til å utvikle leiken.
Borna lærer mykje ved å eksprimentere,observere andre, herme og etterlikne kvarandre, f eks i familiekroken eller ved lesing. Uteleik er og dagleg innslag og dei fleste borna liker seg godt ute enten i dissa, sandkassen eller det er tur i nærmiljøet. Skogen gir oss gode muligheter til fysiske utfoldelsar.

Sosial kompetanse er og eit av våre hovudfokus, det å kunne ta positiv kontakt og fungere saman i gruppa.
Dette tidlege grunnlag for vennskap og sosialt samspel lærer barnet tidleg og gjennom mange av dagleglivets
opplevingar. Barnet skal oppleve både å bli respektert og annerkjendt,- og vise hensyn og respekt for dei andre
i gruppa.

Språket har ein sentral plass på småbarnsavdeling,- alt frå kroppsspråk/uttrykk, lydar og til enkelte ord og setningar.
Leik med sang,musikk,rytme,regler og ord er viktig for at det enkelte barn skal oppleve glede og mestring av språket
og bli forstått.

Er desse grunnleggjande faktorer på plass er borna klare for å utvikle seg og ta utfordringar på ulike felt. Og då er
det vår jobb å gi opplevingar og påfyll utfrå barnets alder og utvikling, -- og prøver vi så godt vi kan..........